Audiograf - Lærdal sjukehus
Om stillingen
Audiograf – 100% fast stilling i Lærdal
Hørselsentralen i Helse Førde søkjer audiograf til fast stilling ved Lærdal sjukehus. Stillinga er i utgangspunktet 100 %, men anna stillingsprosent kan vurderast.
Vil du kombinere ein fagleg spennande jobb med eit aktivt liv mellom fjell og fjord?
Her får du ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende, samstundes som du blir ein del av eit fagmiljø med 7,5 audiografårsverk fordelt mellom Førde, Lærdal og Nordfjordeid.
Ved Lærdal sjukehus er det òg avtalespesialist i øyre-nase-halssjukdommar. Kontoret ligg i nyoppussa lokale som skal vidareutviklast til eit avtalespesialistsenter. Dette gir eit tverrfagleg arbeidsmiljø og gode moglegheiter for samarbeid.
Vi har faste vekentlege fagmøte for alle audiografane og tett samarbeid med ØNH-legar i Førde. Vi legg til rette for fagleg utvikling, kurs og opplæring.
Bu og lev i Lærdal
Lærdal ligg midt i hjartet av Vestland, med kort veg til både Sognefjorden og høgfjellet. Her får du tilgang til eit rikt friluftsliv med fjellturar, sykling, padling, langrenn, alpint og toppturar året rundt. Samtidig er det berre om lag 40 minutt til Sogndal lufthamn, rundt tre timar til Bergen og fire timar til Oslo med bil. Det er kort veg til Hemsedal, Filefjell og andre populære skiområde. Lærdal er eit trygt og oversiktleg lokalsamfunn med kort veg til jobb, barnehage og fritidsaktivitetar.
Du kan sjå ein video om avtalespesialistsenteret, sjukehuset og Lærdal her: Avtalespesialistsenter ved Lærdal sjukehus
Arbeidsoppgåver
- Diagnostikk og behandling av høyrseltap hos vaksne
- Tilpassing og oppfølging av høyreapparat og høyrselstekniske hjelpemiddel
- Oppfølging av pasientar gjennom heile behandlingsforløpet
- Pasientrettleiing og opplæring
- Samarbeid med avtalespesialistar og fagmiljøet ved høyrselsentralen
Kvalifikasjonar
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad, Audiograf
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, skriftleg og munnleg
Vi ser etter deg som:
- likar sjølvstende og tek ansvar for å utvikle og drifte eit godt audiograftilbod lokalt
- byggjer gode relasjonar og får folk til å kjenne seg trygge og ivaretatte
- trivst med varierte dagar og finn gode løysingar når utfordringar dukkar opp
- ønskjer å vere ein aktiv del av eit fagmiljø, sjølv om kollegaene ikkje sit på nabokontoret
- har engasjement for faget og lyst til å gjere ein forskjell for pasientane våre
Kvifor velje oss?
- Vi dekkjer reise og opphald i samband med intervju for kvalifiserte søkjarar
- Vi hjelper deg med å finne bustad og dekkjer husleiga dei to første månadene
- Ved behov tilbyr vi dekning av to heimreiser per år dei to første åra etter tilsetjing.
- Du får stor fagleg fridom og sjølvstende i ein spanande klinisk kvardag
- Du blir del av eit sterkt audiografmiljø med faste fagmøte kvar veke og samarbeid med erfarne ØNH-legar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Du får arbeide i moderne lokale i vakre omgjevnader mellom fjord og fjell
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Karianne Haugen Strønen, Avdelingssjef, +47 950 76 834Karin Refvik, Seksjonsleiar, +47 976 23 683
Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5164513328
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2026