Sjukepleiar/vernepleiar

Kviteseid kommune Kviteseid , Telemark , Kviteseidgata 13 , 3850 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-31
Publisert:
2026-04-29

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjera ein forskjell- kvar einaste dag?
Er du sjukepleiaren/vernepleiaren som alltid sett pasientane i fokus, bidreg med din kompetanse, samt evnar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt?
Då ynskjer me at du søkjer!

Ved Kviteseid omsorgssenter (KOS) er fylgjande stillingar ledig:
Sjukepleiar/vernepleiar, 2 x 100% fast stilling frå d.d.
Sjukepleiar/vernepleiar, 1 x 70% fast stilling frå d.d

Stillingane er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg.

KOS er ein sjukeheim med totalt 32 plassar. Hjå oss vil du møte ei pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå.
KOS er ein arbeidsplass der kvalitet, omsorg og utvikling gjeng hand i hand.
Me jobbar for at våre pasientar skal kjenne på tryggleik, verdigheit og ein best mogleg kvardag.
Me leitar etter ein engasjera sjukepleiar/vernepleiar som vil bli ein viktig del av vårt gode lag.

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldane krav til kvalitet og lovverk
  • Administrative oppgåver knytt til det sjukepleiefaglege
  • Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
  • Rettleiing, undervisning og informasjon til kollegaer, studentar, brukarar og pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Interesse for faget og utvikling av dette
  • God digital kompetanse
  • Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø
  • Mellommenneskelege arbeidstilhøve
  • Du har godt humør, er fagleg engasjera og har eit hjarte for eldreomsorg
  • Du er fleksibel, strukturert og løysningsorientert
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å jobbe sjølvstendig
  • Du kan tilpasse deg ulike situasjonar og arbeidskvardaga
  • Du kan prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.

Vi tilbyr

  • Årsturnus
  • Ansvarleg sjukepleiar/vernepleiar på topp dag, kveld og helg
  • Moglegheit for å søkje om utgiftsdekning ved relevant vidareutdanning
  • Fagleg utvikling
  • Intern og ekstern undervisning, fokus på øving og ferdighetstrening
  • Triveleg arbeidsmiljø med godt samhald og mykje humor

Kontaktinformasjon

Helene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, 92033268

Arbeidsstad

Kviteseidgata 13
3850 Kviteseid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5121571680
Stillingsprosent: 100, 70%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV