Miljøterapeut 25% helg
Om stillingen
Om stillinga og arbeidsstadenVil du hjelpe ungdom til å få et rusfritt liv?
Det er en krevande jobb, den er ikkje for alle - men er du fagleg utforskande, likar høg aktivitet og store variasjonar i arbeidskvardagen, kan dette være jobben for deg.
Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokalisert på Bønes i Bergen kommune.
Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Vi arbeidar med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar og vedvarande rusproblem, og målet vårt er å gje dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen utan rus. Ungdommane bur hos oss i henhald til barnevernsloven §§ 6-1 og 6-2.
Hos oss står samarbeid og relasjonar i sentrum – både med ungdommen sjølv og det naturlege nettverket deira. Vi legg stor vekt på å involvera foreldre og andre viktige personar for å støtte ungdommen i endringsprosessen.
Behandlingen byggar på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv åtferdsterapi og sosialøkologisk teori. Vårt arbeid handlar om å hjelpe ungdom til å utvikle ferdigheitar som gjer dem i stand til å handtere situasjonar som tidligare har ført til rusbruk
Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi ledig 2 x 25 % faste stillinger som helgevakt. Stillinga er for tida kvar 3. helg, fredag, laurdag og søndag kveld. Det er også moglegheit, og ønskjeleg, for ekstravaktar og deltaking på fagmøter utanom faste vaktar i turnus.
Det kan og bli ledig vikariat ved senteret. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver- Utøve målretta behandlingsarbeid iht. behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling.
- Gjennomføra risikovurderingar og setje i verk tiltak etter behov.
- Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
- Bidra til å ta vare på rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
- Ivareta ungdommane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
- Rettleia og setja grenser på ein utviklingsstøttende måte.
- Det er krav om at alle tilsette gjennomførar opplæring i tryggleik og sikkerheit på barnevernsinstitusjon, samt delta i regelmessig trening.
- Delta i praktiske gjeremål.
- Samarbeid mellom einingas avdelingar ved behov.
- Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
- Ved fast stilling helg og eventuelle vikariat i deltidsstillingar, kan kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, og vurderast.
- Førarkort klasse B er naudsynt.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er eit krav.
- God fysisk og psykisk helse.
Ønskjeleg erfaring og kompetanse:
- Kjennskap til barnevernsloven.
- Kjennskap til traumebevisst omsorg.
- Institusjonserfaring iht. målgruppe og frå barnevern eller psykiatri.
- Kjennskap til det teoretiske grunnlaget til behandlingsmetoden (læringsteori og kognitiv åtferdsterapi).
Bjørgvin ungdomssenter tilstrebar balanse mellom kvinner og menn, jf. føringar i barnevernsloven. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju.
Vi søkjer deg som:- Motiverast av ansvar, arbeider sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdommane og deira behov.
- Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
- Er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
- Har toleranse for arbeidspress i ein hektisk kvardag.
- Framstår som trygg og handterer krevjande situasjonar på ein god måte.
- Har evne til å vere romsleg, fleksibel og sjølvstendig.
- Kan etablera gode relasjonar.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er løysingsfokusert og metodelojal.
- Er punktleg.
- Har evne til å arbeida strukturert og metodisk.Personlege eigenskapar vil tilleggjast stor vekt.
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det
tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 690 000 pr. år. - Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 690 000 pr. år.
- Ved fast deltid og vikariat kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 – 540 000 pr. år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000 pr. år
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Bjørgvin ungdomssenter.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statsansattelova.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine som stadfester stillingsstorleik og tidsrom. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.