100%  Vernepleiar, Bømarka

Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste Volda , Møre og Romsdal , Bømarka 6 , 6100 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-16
Publisert:
2026-06-25

Søknadsfristen er i morgen

Om stillingen

Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller interesse for arbeid med mennesker med ulike utfordringar, og som vil vere med å utvikle og kvalitetssikre tilbodet til brukargruppa.

Stillinga er knytt til seksjon Bømarka, og er organisert under avdeling bu og habilitering i helse og omsorgs sektoren. Bømarka har ansvar for voksne mennesker med ulike utfordingar. Personalgruppa består av engasjerte medarbeidarar som er opptekne av fagleg utvikling og godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar. God omsorg, meiningsfulle aktivitetar og utvikling hos den enkelte står i fokus. Stillinga er ledig f.o.m. medio september.


Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid med det enkelte brukar
  • Delta i daglege aktivitetar med brukarane
  • Primærkontakt-/ koordinator oppgåver
  • Dokumentere i journal etter gjeldande lovverk
  • Fylgje nedskrive prosedyrar, planar og tiltak
  • Stille spørsmål og reflektere rundt arbeidet du utfører
  • Samarbeide med foreldre og andre instansar
  • Oppfølging av kapittel 9 (tvang og makt)
  • Rettleie og gi opplæring til andre tilsette, studentar og lærlingar
  • Som vernepleiar vil ein ha ansvar for handtering av legemidlar og medisinfaglege prosedyrar 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag, fortrinnsvis vernepleiar
  • Andre med helse- og sosialfagleg utdanning kan søke også
  • Erfaring med miljøarbeid knytt til brukar gruppa i praksis er ein fordel
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med utfordrande atferd
  • Personlege eigenskapar blir høgt vektlagt
  • Kjennskap til teiknspråk er ønskeleg
  • Førarkort klasse B for manuell gir
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • IKT ferdigheiter
  • Tilfredsstillande politiattest av ny dato

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg og tydeleg vaksenperson og ein god rollemodell
  • Du må kunne sette grenser, stå i kravsituasjonar, men også kunne ivareta brukarmedverknad
  • Du tilpassar din kommunikasjon etter tenestemottakar sitt behov, syner tolmod og er omsorgsfull
  • Du må vere spontan, og takle endringar på kort varsel
  • Hos oss er du ein lagsepelar, du må vere løysingsorientert, inkluderande og nyskjerrig
  • Du evnar å arbeide tett med kollegaer, men må også kunne arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariff
  • Gode pensjons og forsikringsordningar i KLP
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollega og triveleg arbeidsmiljø
  • Tilgang på elæringskurs frå Glup
  • Arbeidsvilkår: Turnus med langvakter - kan endrast evn ved behov, kombinasjonstilling med andre seksjonar som ein samarbeider med rundt felles brukarar

Kontaktinformasjon

Gry Egset Eriksen, Konst, seksjonsleiar Bømarka, 47872195, [email protected]
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar Bu og habilitering, [email protected]

Arbeidsstad

Bømarka 6
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5149531196
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 14.09.2026
Søknadsfrist: 16.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV