Vil du bidra til at fleire får moglegheit til å delta i arbeidslivet?

Bergen
Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-13
Publisert:
2026-08-21

Omtrent 3 uker igjen

Om stillingen

Vi søkjer to engasjerte og løysingsorientert seniorrådgivarar som vil bli med på å styrke arbeidsinkluderinga i Bergensregionen.

Hos oss får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av Nav sine tenester retta mot arbeidsgivarar. Gjennom aktiv kontakt med verksemder skal du bygge sterke relasjonar i næringslivet, løyse rekrutteringsoppdrag og bidra til at fleire arbeidssøkarar kjem i jobb. Du vil fungere som eit bindeledd mellom Nav og arbeidslivet og vere ein viktig samarbeidspartnar for både arbeidsgivarar og kollegaer i Nav-kontora i regionen.

I rolla vil du òg representere Nav på ulike møteplassar og arrangement, dele arbeidsmarknadskompetanse internt og bidra til å styrke Nav si rolle som ein synleg og attraktiv samarbeidspartnar for arbeidsgivarar.

I avdeling for arbeidsinkludering og kvalifisering blir du ein del av eit lag med 15 engasjerte og dedikerte fagpersonar. Saman arbeider vi kvar dag for å gi jobbsøkarar nye moglegheiter i arbeidslivet gjennom inkludering, kvalifisering og samarbeid med arbeidsgivarar i tråd med behova i arbeidsmarknaden.

Hos oss får du arbeide både sjølvstendig og i team, med stor fridom til å forme din eigen arbeidskvardag. Framfor alt får du høve til å gjere ein reell forskjell – for enkeltmenneske, arbeidsgivarar og samfunnet.


Kva går jobben ut på?

  • Etablere og styrke relasjonar til arbeidsgivarar og bidra til gode og likeverdige tenester i regionen
  • Skape og utvikle samarbeid med arbeidsgivarar for å fremme inkludering av arbeidssøkarar frå Nav sine prioriterte målgrupper
  • Bistå arbeidsgivarar med å løyse rekrutteringsoppdrag ved å kople aktuelle kandidatar til ledige stillingar
  • Representere Nav i eksterne forum, i møte med næringslivet og mot andre samarbeidspartnarar
  • Planlegge og delta på møteplassar for arbeidsgivarar og arbeidssøkarar, som til dømes rekrutteringstreff og jobbmesser
  • Vere ein ressursperson og bidra til auka arbeidsmarknadskompetanse internt i Nav-kontora
  • Vere pådrivar for å utvikle og styrke arbeidsgivarsamarbeidet saman med Nav-kontora i regionen, kommunen, fylkeskommunen og andre samarbeidspartnarar
  • Samarbeide tett og tverrfagleg med kollegaer i avdelinga for å skape moglegheiter for Nav sine prioriterte målgrupper.

Nav er i stadig utvikling, så variasjon og endringar i arbeidsoppgåvene må påreknast.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • Fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan fagområde som marknadsføring, HR, økonomi og administrasjon eller samfunnsfag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring frå arbeid med arbeidsinkludering, rekruttering eller bemanning
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg

Det er ønskeleg at du har

  • Erfaring frå samarbeid med næringslivet og forståing for arbeidsgivarar sine behov knytt til bemanning
  • Erfaring med utoverretta kommunikasjon og representasjon, til dømes gjennom møte med arbeidsgivarar, nettverksarenaer eller jobbmesser
  • God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenestetilbod

Kva ser vi etter hos deg?

  • Trivst med formidling og kunnskapsdeling
  • Evne til å engasjere og byggje relasjonar
  • Initiativrik og strukturert
  • Arbeider godt både sjølvstendig og saman med andre

Kvifor velje oss?

  • Moglegheit til å gjere ein forskjell, i ein organisasjon med eit særs viktig  samfunnsoppdrag
  • Spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
  • Opplæring, kurs og kompetanseheving
  • Aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • Fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
  • Stilling som seniorrådgivar i stillingskode 1364, med lønnsspenn frå kr. 694 000 til kr. 750 000 pr år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast. 
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Maj-Nan Tørrisplass, Avdelingsleder Arbeidsinkludering og kvalifisering, 982 64 835, [email protected]

Arbeidssted

Møllendalsveien 8
5020 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5153878877
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen