Vil du vere med og halde kommunen rein og samtidig få ein aktiv arbeidskvardag?

Dale i Sunnfjord, Fjaler
Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-06
Publisert:
2026-08-17

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

Vil du bidra til reine, trygge og trivelege bygg? Reinhaldssentralen søkjer etter to engasjerte og pålitelege reinhaldsoperatørar til faste stillingar med oppstart 2. januar 2027.

Vi har ledig:

  • 100 % fast stilling - for tida er arbeidstid måndag–fredag kl. 06.00–13.30. 

  • 50 % fast stilling - for tida er arbeidstid frå kl. 06.00 måndag til fredag. Stillinga inneber for tida arbeid fem dagar i veka.

I søknaden ber vi deg opplyse om du søkjer på 100 % stillinga, 50 % stillinga eller begge stillingane.

Arbeidsoppgåver
  • Dagleg og periodisk reinhald
  • Vedlikehald og behandling av golv
  • Hovudreinhald
  • Reinhald på ulike lokasjonar i kommunen
  • Arbeidet er fysisk og inneber mellom anna å gå ein del i løpet av arbeidsdagen, gå i trapper og handtere og transportere reinhaldsutstyr og varer.
  • Andre oppgåver innan reinhaldsfaget
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som reinhaldsoperatør. 
  • Søkjarar utan fagbrev kan bli vurderte dersom dei har lang erfaring frå reinhaldsarbeid og er villige til å ta fagbrev innan tre år.
  • Minimum B1-nivå i norsk, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha fylt 18 år.
  • Førarkort klasse B og tilgang til bil 

Det er ønskjeleg med

  • Erfaring med bruk av ulike reinhaldsmaskiner.
  • Erfaring med dagleg og periodisk reinhald.

Dersom det skulle bli aktuelt med arbeid i skule eller barnehage, vil det vere krav om politiattest i samsvar med gjeldande regelverk.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er løysingsorientert og påliteleg
  • arbeider nøyaktig og sjølvstendig, og har auge for detaljar
  • trivst med varierte og fysisk krevjande arbeidsoppgåver
  • er serviceinnstilt og samarbeider godt med andre
  • er fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver, arbeidstid og arbeidsstad ut frå behov i tenesta
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og tek initiativ når det trengst

Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stilliga.

Vi tilbyr
  • Løn etter tariff
  • 10 000 kroner i fast tillegg på toppen av grunnløna
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Moglegheit for tilrettelegging slik at du kan ta fagbrev som reinhaldsoperatør parallelt med arbeidet

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekkje søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Datakilde: NAV Arbeidsplassen