Fast stilling som vernepleiar i tenesta for funksjonshemma, Hamretunet

Sted
Svelgen, Bremanger
Stillingstype
Fast / Heltid
Søknadsfrist
2026-09-06 · Omtrent én uke igjen
Publisert
2026-08-18

Om stillingen

Drøymer du om ein jobb der du verkeleg kan utgjere ein forskjell kvar dag? Bremanger kommune, ved Tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne – avdeling Hamretunet i Open omsorg indre – søker no ein engasjert og fagleg sterk vernepleiar.

Hos oss blir du ein nøkkelperson i eit triveleg og kompetent team som skaper trygge, gode og meiningsfulle dagar for brukarar med nedsett funksjonsevne.

Vi jobbar i årsturnus, og du får vere med og påverke både arbeidstid og fritid.

Her får du bruke fagkompetansen din aktivt, bidra til utvikling av tenestene, og vere med på å skape meistring og trivsel kvar dag.

Arbeidsoppgåver

  • Skape eit trygt, inkluderande og godt miljø tilpassa kvar enkelt brukar
  • Legge til rette for læring, meistring og sjølvstende hos kvar brukar
  • Delta aktivt i miljøarbeid, pleie og rettleiing, og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
  • Dokumentere i tråd med gjeldande lovverk

Kvalifikasjonar (overskrift)

  • Vernepleiar, eller andre med relevant høgskuleutdanning
  • Trivst med å arbeide i team og samarbeide tett med kollegaer
  • Løysingsorientert, fleksibel og positiv til endringar
  • Politiattest av nyare dato
  • God skriftleg og munnleg norskframstilling
  • Førarkort klasse B

Vi søkjer deg som er motiverte, fagleg engasjert og sjølvstendig – og som trivst med å arbeide tett på menneske. Du er til stades, engasjert og aktiv, og bruker faget ditt for å bidra til best mogleg kvardag for brukarane.

Serviceinnstilling, personleg eignaheit og evne til å bygge gode relasjonar til både brukarar og kollegaer er avgjerande. Du tør å ta ansvar, er løysingsorientert og bidrar til utvikling både fagleg og menneskeleg – kvar dag.

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage
  • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
  • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
  • Rekrutteringstilskot til nytilsette; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
  • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. 

    Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/

    I tillegg får du:
  • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
  • Rekrutteringstilskot til vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet
  • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
  • Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
  • Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
  • Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år

    Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

Kontaktinformasjon

Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310

Arbeidsstad

Granden 1
6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5167311377
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen