Lærar – 100 % fast stilling ved Valderøy barneskule frå 12.10.26
Omtrent 2 uker igjen
Om stillingen
Valderøy barneskule har omlag 460 elevar, omlag 80 tilsette og 195 elevar på SFO. Skulen ligg sentralt på øya, med kort avstand til skog, fjell og fjøre som ein fin utvida læringsarena.
Visjonen for ein oppvekst i Giske kommune er «Det var bra eg kom» med utgangspunkt i barnet si erfaring i møte med barnehage og skule. Valderøy barneskule sin visjon er «Med hjarte for læring» med fokus på vekst og varme. Dette ligg til grunn i arbeidet med å skape eit godt læringsmiljø som gir eleven moglegheit til læring og utvikling ut frå sitt potensiale.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis som handlar om å til passe læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønskjer å gi alle ei reel moglegheit til deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Kompetansebehov:
- Lærar 1.-7. trinn. Lærar 5.-10. vil òg bli vurdert.
- Spesialpedagogikk, matematikk, norsk og engelsk.
Generelle krav til stillinga:
- Det er krav om gyldig politiattest.
- Administrasjons- og undervisningsmålet er nynorsk.
- I tillegg til formell utdanning og praksis legg vi vekt på personlege eigenskapar og at du elles er skikka for stillinga.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer allmennlærar som har:
- fagleg og personleg tryggheit
- gode evner i klasseleiing og relasjonsbygging
- vilje til tett og konstruktivt samarbeid med elevar, kollega og føresette.
- god digital kompetanse, og erfaring i bruk av digitale verktøy i undervisninga.
- interesse, evne og vilje til nytenking og utvikling i samarbeid med kollegiet.
- god norsk kunnskap munnleg og skriftleg. Nynorsk.
Vi tilbyr
- Ein spennande jobb der du kan utgjere ein forskjell for mange born.
- Eit engasjert og positivt arbeidsmiljø med gode kollega.
- Eit kollege som er opptatt av læring i ulike formar, der eleven skal vere aktiv i eiga læring.
- Ein skule i fine lokalar, som ligg nært skog, fjell og fjøre.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Oddfrid Reinlund, Rektor, +47 48023464Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5168977118
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026