Tilkallingsvikar skuleåret 2026/2027 Langevåg skule og SFO

Langevåg, Sula
Vikariat / Heltid
Søknadsfrist:
2027-04-30
Publisert:
2026-08-18

Om stillingen

Langevåg skule søker tilkallingsvikarar for skuleåret 26/27. Oppstart snarast. 

Skulen har om lag 460 elevar frå 1.-7. trinn og  SFO og er samlokalisert med kulturskulen. 
Vi har eit flott uteområde og nærleik til flotte naturområde med både fjell, vatn og turstiar. 

Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy.

Arbeidsoppgåver

Langevåg skule og skulefritidsordning har behov for tilkallingsvikarar for lærarar og fagarbeidarar/assistentar.

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg med arbeidserfaring frå skule eller SFO, og ein fordel om med pedagogisk utdanning/fagbrev.
Gyldig politiattest må leggast fram.

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at ein er positiv og fleksibel, kan samarbeide og har evne til å byggje relasjonar til elevane, føresette, kollegaer og leiinga.
Det er ein fordel om ein har erfaring frå bruk av IKT-verkty.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne. 
Skulen nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande avtalar.

Kontaktinformasjon

Ole Martin Tonheim, Rektor
Harald Weibust, Undervisningsinspektør

Arbeidsstad

Bratthaugmyra 39
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5167430348
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 24.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 30.04.2027

Datakilde: NAV Arbeidsplassen