Tilkallingsvikar miljørettleiar i skule skuleåret 2026-2027

Volda kommune, Avdeling skule Volda , Møre og Romsdal , Stormyra 2 , 6100 Vikariat / Heltid
Søknadsfrist:
2027-06-30
Publisert:
2026-06-30

Om stillingen

Volda kommune treng til ei kvar tid miljørettleiarar som kan tenke seg å vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2026-2027.

Utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkarar som kan vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen.


Arbeidsoppgåver

Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Arbeidsoppgåvene kan vere å støtte elevane i deira læringsarbeid, i samarbeid med lærarane og skuleleiinga, og/eller målretta miljøarbeid knytt mot enkelt elevar/elevgrupper. 

Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare periodar. Stillingsstorleik vil vere etter behov, og kan variere. 

Det er rektor ved den einskilde skule, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta.

 

Aktuelle skular:

Bratteberg skule (1.-7.trinn): 70 05 87 85/ 478 65 060 

Dalsfjord skule (1.-10.trinn): 958 39 749

Folkestad skule (1.-10.trinn): 480 36 232

Hornindal skule (1.-10.trinn): 402 04 366

Mork skule (1.-7.trinn): 990 01 393

Volda ungdomsskule (8.-10.trinn): 70 07 42 20/ 975 30 623

Øyra skule (1.-7.trinn): 70 07 43 00/ 913 41 695


Kvalifikasjonar

Vi ønsker først og fremst søkarar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Som miljørettleiar legg ein til grunn godkjent 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, som t.d barnevernspedagog/sosionom/vernepleiar.

Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.

Personlege eigenskapar

Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde.

Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.

 

 

Vi tilbyr

Arbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Line Homberset, fagkonsulent oppvekst, 70058870, line.homberset@volda,kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5151987811
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 30.06.2027

Datakilde: Data hentet fra NAV