Reinhaldsoperatør
5 dager igjen
Om stillingen
Er du vår nye reinhaldsoperatør?
Vi har no ledig to 1års vikariat ved avdelinga vår.
Avdeling for husøkonomi består av reinhald, sengesentral og tekstilforsyning. I avdeling for husøkonomi blir du ein del av ein kultur der det er forskjellane våre som bringar oss videre. Det er ein inkluderande gjeng frå 14 ulike nasjonalitetar.
Stillingane inngår i ein firevekesturnus med arbeid på dagtid, éi veke kveld og kvar fjerde lørdag.
Kva går jobben ut på?
- Sykehusreinhald og påfyll av forbruksvarar.
- Periodiske reinhaldsoppgåver og møbelrens.
- Maskinreinhald og vedlikehald av maskinar.
- Smittereinhald etter angitt prosedyre.
- Utføre reinhald og eigenkontroll etter NS Insta 800.
- Bruk av digital reinhaldsplan - CleanPilot.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget, lang erfaring frå reinhald kan kompensera for utdanningskravet.
- Ønskeleg med erfaring i smittereinhald, periodisk reinhald og vedlikehald av maskinar.
- Søkjar bør kunne utføre reinhald etter kvalitetsprofilane til NS Insta 800.
- Grunnleggjande IKT kompetanse.
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du
- arbeider både sjølvstendig og i team
- er positiv, åpen og imøtekomande
- har god arbeidskapasitet
- tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Vi tilbyr
- Moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
- Arbeidsgjevar vil leggje til rette for at den tilsette kan gå opp til fagprøven innan rimeleg tid. Dette vil regulerast i ein arbeidsavtale.
- God pensjonsordning, 2% pensjonstrekk. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
- Godt arbeidsmiljø i ein variert og travel arbeidskvardag.
Kontaktinformasjon
Jarle Reinertsen, AvdelingsleiarArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5161080779
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 21.08.2026
Datakilde: Data hentet fra NAV