Sjukepleiar eller vernepleiar til 50% fast stilling på natt ved Kronstad DPS

Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Kronstad psykose døgnbehandling, Helse Bergen HF Bergen , Vestland , Fjøsangerveien 36 , 5053 Fast / Deltid
Søknadsfrist:
2026-08-21
Publisert:
2026-08-07

5 dager igjen

Om stillingen

Kronstad DPS seksjon psykose døgn har ledig 50% fast stilling på natt med arbeid pt. kvar 3. helg.

Kronstad psykose døgnbehandling er ein open døgnseksjon. Vi tilbyr behandling og utgreiing av kortare varigheit for pasientar over 18 år med psykoseliding. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Det er 12 sengeplassar. I behandlargruppa har vi psykiatrar, psykologspesialist, legar i spesialisering og sosionom.

Vi tilbyr mellom anna: 

  • Kognitiv miljøterapi
  • Psykoedukasjon/undervising
  • Medikamentell behandling
  • Fysisk aktivitet
  • Musikkterapi

Som tilsett på natt går du saman med ein annan fagperson. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø beståande av engasjerte og erfarne miljøterapeutar som trivast på natt. Vi arbeider i team rundt og saman med pasienten, med utgangspunkt i samarbeid i ein seksjon med åpne dører. Er du sjukepleiar eller vernepleiar, trivast med nattarbeid og har engasjement for pasientgruppa håper vi at du vil søker stilling her hos oss. 


Arbeidsoppgåver

  • Medverke til å skape trygge rammer for pasientane 
  • Observere, kartleggje og dokumentere
  • Medikamenthandtering 
  • Ansvarsvakt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Erfaring frå pasientgruppa/anna relevant erfaring 
  • Gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med kompetanse innan møte med aggresjonsproblematikk (MAP)

Personlege eigenskapar

  • Interesse for målgruppa
  • Ansvarsbevisst
  • Evne til fleksibilitet, og til å kunne bidra til gode løysingar
  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Godt fagleg miljø
  • Erfarne og engasjerte kollegaer
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Turnus med arbeid pt. kvar 3. helg
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)

 

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Hilde Steinli, Seksjonsleiar, 55956300

    Arbeidsstad

    Fjøsangerveien 36
    5053 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5162115607
    Stillingsprosent: 50%
    Fast
    Startdato: 07.09.2026
    Søknadsfrist: 21.08.2026

    Datakilde: Data hentet fra NAV