Badevakter og badeassistenter

Bjerkreim kommune Vikeså , Bjerkreim , Rogaland , Vikesågata 60 , 4389 Engasjement / Deltid
Søknadsfrist:
2026-09-14
Publisert:
2026-08-14

Omtrent 4 uker igjen

Om stillingen

Vi treng badevakter til det offentlege symjetilbodet som har oppstart i veke 42. Vi treng deg som er over 16 år, er fleksibel, ryddig og strukturert, og som ønskjer å arbeida som badevakt dei ulike dagane vi har ope fram til påskeferien i 2027.

Har du ha lyst til å søkja, men kan ikkje arbeida på alle dei aktuelle dagane? Då søkjer du og skriv i søknaden og opplyser i søknaden kva dagar og tider som passar for deg!


Arbeidsoppgåver

  • Som badevakt skal ein leggje tilrette for ei god oppleving for til dei som nyttar seg av tilbodet.
  • Ein har ansvar for å leite fram og rydde på plass igjen leikar, reingjering rundt bassenget og i garderobane mm. Vi gir opplæring.
  • Badeassistentane vil vera ekstrahjelpa til instruktøren for barnehagesymjinga og ved symjekurs fredag ettermiddagar. Her må ein rekne med å opphalda seg i bassenget saman med ungane.

Kvalifikasjonar

  • Alle badevakter/assistenter må kunne symje.
  • Vi krev at alle må ha oppdatert livredningskurs, noko alle vil få tilbod om før oppstart i arbeidet. Kurset er obilgatorisk.

Personlege eigenskaper

  • Personar som er fleksible, nøyaktige, pålitelege og serviceinnstilte.
  • Arbeidet som badevakt passar for ungdom og det er aktuelt å fordela arbeidet på fleire.
  • Du må vera minst 16 år for å søkja både som badevakt og som badeassistent.
  • Det vil alltid vera minst to personar tilstades, kor den eine er over 18 år.
  • Det er viktig at du i søknaden opplyser om det er dagar eller periodar du ikkje kan arbeida.
  • Erfaring frå liknande arbeid, fleksibilitet og nærleik til arbeidsstaden er ein fordel.
  • Det vil bli lagt vekt på språknivå i tilsetjingsprosessen.

Vi tilbyr

Arbeidstid:

  • Offentleg symjing laurdagar: frå ca kl 09.30 til ca 15.00 i perioden frå 17.10.2026 til påskeferie 2027.
  • Barnehagesymjing måndagar: mellom ca kl 09.30 - 13.30 i perioden frå 12.10. 2026 til påskeferie 2027.
  • Assistent symjekurs fredagar: Mellom ca. kl 15.00 - 20.00 i perioden mellom ca 16.10 til og med 11.12. 2026, og i perioden mellom ca. 08.01. til påskeferie 2026.
  • Symjekurs går over 8 veker haust og 8 veker vår, nøyaktige datoar vert fastsett ved oppstart.
  • Lønsvilkår, timeløn etter lokalt takst og tillegg for kveld og helg

Kontaktinformasjon

Annette O Nedrebø, Rådgiver kultur, +47 988 80 147

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bjerkreim kommune

Referansenr.: 5163491300
Stillingsprosent: 10%
Engasjement
Startdato: 12.10.2026
Sluttdato: 19.03.2027
Søknadsfrist: 14.09.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV