Fast stilling som fagbioingeniør ved Nevro/revmalaboratoriet, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi
Om stillingen
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og seksjon for klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest og RELIS. Avdelinga er akkreditert.
Nevro/revma lab er ein av dei analytiske seksjonane og ligg i Gamle hovudbygg. Dei samarbeider med Nevrologisk- og revmatologisk avdeling og tar blodprøvar av pasientar som tilhøyrar avdelingane. Dei utfører blant anna Isoelektrisk fokusering ved bruk av kapillær- Westernblot teknikk og nevroimmunologiske analysar som t.d. gangliosidantistoff og acetylcholinreseptor antistoff, dei fleste analysane er manuelle basert på ELISA og RIA teknikk. Seksjonen har også samarbeid med Nevroimmunologisk laboratorium.
Vi har ledig fast stilling som fagbioingeniør med snarlig tiltredelse.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg rutinearbeid
- Fagansvar poliklinikk og preanalyse
- Fagansvar for nevroimmunologiske analysar - omfang etter avtale
- Rettleiingsansvar for studentar, nytilsette og andre yrkesgrupper
- Dokumentbehandling i EK som oppdatering og skriving av prosedyrar
- Det kan vere aktuelt å delta i innføring av nye metodar og metodevalidering
- Ein må halde seg fagleg oppdatert innan seksjonen sitt fagområde
- Andre arbeidsoppgåver og ansvarsområder kan tilkome stillinga ved seinare høve
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års erfaring frå medisinsk laboratorium
- Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med instrument og analyseteknikkar seksjonen nyttar
- Må kjenna til, og kunne nytta excel
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar blir vektlagde
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide målretta
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Engasjert, strukturert og løysingsorientert
- Gode gjennomføringsevner
- Fagleg engasjert
- Vere ein god teamarbeidar og bidra til godt samarbeid på seksjonen
- Må trivast i eit aktivt miljø
Vi tilbyr deg
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Høgt fagleg nivå
- Stillinga inngår i 3-delt turnusordning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Randi Solheim, Seksjonsleier, 55975119, [email protected]Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, [email protected]
Arbeidsstad
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5164634668
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026