Varhaug skule har ledig eit 100% vikariat som kontaktlærar på 7. trinn frå 1.9.2026 til 25.11.2026

Hå kommune Varhaug skule Varhaug , HÅ , Rogaland , Eikevegen 5, , 4360 Vikariat / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-17
Publisert:
2026-08-11

1 dag igjen

Om stillingen

Frå hausten 2026 har Varhaug skule 420 elevar, fordelt på 1. - 7. trinn, og me treng ein lærar med relevant utdanning i engelsk, kroppsøving og musikk.

Me er om lag 60 tilsette på skulen i eit triveleg arbeidsmiljø. Vår visjon er "Me løfter kvarandre". I det ligg blant anna at me gjer alt me kan for at skulen skal vera ein god arena for utvikling for kvar enkelt, både små og store. Meir informasjon om skulen på www.ha.no/var .

Me søker deg som er
- Ein tydeleg klasseleiar
- Ein autoritativ vaksen
- Engasjert og deltakande i elevane si faglege og sosiale utvikling
- Flink til å skapa gode relasjonar og tryggleik
- Kan arbeida sjølvstendig, og samtidig ha evne til samarbeid med andre

Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning
- Personlege eigenskapar og erfaring vert vektlagt
- Personar med anna relevant kompetanse vert og oppmoda til å søkja

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her
Datakilde: Data hentet fra NAV