Rådgivar HR- og kommunikasjon
Sted
Dalekvam, Vaksdal
Stillingstype
Fast / Heltid
Nettsted
Søknadsfrist
2026-08-31 · 4 dager igjen
Publisert
2026-08-18
Om stillingen
Om stillingaEin av våre dyktige kollegaer går av med pensjon, og no ser vi etter deg som vil bli ein del av teamet vårt.
Likar du å samarbeide, hjelpe andre og trivast med varierte oppgåver? Då kan dette vere stillinga for deg.
Du blir ein del av eit team med sju medarbeidarar som kvar dag støttar leiarar og tilsette med råd og rettleiing, gode prosessar og tenester innan HR og kommunikasjon. Saman bidreg vi til at tilsette i Vaksdal kommune får den støtta dei treng.
Dette blir arbeidsoppgåvene dine
- gi leiarstøtte og rettleiing i spørsmål om medarbeidarar og arbeidsmiljø, og vere ein viktig sparringspartnar
- utvikle og gjennomføre tiltak som styrker leiarskap og bygger leiarkompetanse i organisasjonen
- følge opp sjukemeldte og systematisk arbeide førebyggande i samarbeid med leiarane
- vidareutvikle digitale verktøy og løysingar innan HR- og HMT
- sørge for at rutinar er oppdatert, relevante og fungerar godt i praksis
- bygge opp kompetanseportal i samarbeid med andre kommunar, og bidra til gode løysingar for læring og kompetansedeling
- utvikle, publisere og halde ved like HR-informasjon på intranettet, samt å gi støtte i anna kommunikasjonsarbeid
- bidra i rekrutteringsprosessar og anna operativt HR-arbeid i kommunen
Kvalifikasjonar vi ser etter
- relevant utdanning på masternivå er ønskeleg, men anna relevant utdanning kan óg bli vurdert
- erfaring frå HR, kommunikasjon eller tilsvarande arbeidsområde
- god forståing for digitale system og interesse for digital utvikling
Du vil passe godt hos oss dersom du
- er serviceinnstilt og likar å samarbeid med andre
- tar initiativ, ser moglegheitar og bidreg til forbedring
- arbeidar strukturert og klarar å prioritere mellom oppgåver
- er god på kommunikasjon og relasjonsbygging
- tek del i utviklingsarbeidet og held deg fagleg oppdatert
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal Kommune kan tilby
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- individuell oppfølging
- gode moglegheitar for støtte til utdanning
- løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Datakilde:
NAV Arbeidsplassen