Medarbeidarar produksjon
4 dager igjen
Om stillingen
Vil du vere med på å sikre tryggare vegar?Saferoad Vik Ørsta ser etter to motiverte medarbeidar til vår mekaniske fabrikk, som vil vere med på det viktige arbeidet med å sikre tryggare vegar i Norge.
Eit rekkverk er ikkje berre eit rekkverk, men skal bidra til å redde liv i trafikken. Vi treng di hjelp til å nå visjonen om null drepte og hardt skadde i trafikken!
Vi har no behov for 1 sveisar og 1 operatør ved vår mekaniske avdeling.
Hovudoppgåver vil vere:
- manuell sveis og robotsveis
- manuelt og automatisert mekanisk arbeid
Vi ser etter deg som:
- har interesse for mekanisk arbeid og sveis
- har sans for orden og system
- kan bidra til godt samarbeid i avdelinga og vere fleksibel for å jobbe i andre avdelingar
- har gode haldningar og lyst til å lære
Du må gjerne ha relevant erfaring frå sveising eller liknande, men dette er ikkje eit krav. Vi gir nødvendig opplæring og kursing og du vil få muligheit til å ta fagbrev.
Slik søkjer du:
Send søknad, CV og vedlegg via lenka på denne sida.
Har du spørsmål om opplasting av dokument? Kontakt Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.
Spørsmål om desse spennande stillingane? Kontakt oss:
Arbeidsleiar Ingar Ness, tlf. 415 27 016 eller produksjonssjef Gro Mykkeltvedt, tlf. 483 39 125
Flytte til Vik?
Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Vik staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Vik ligg flott plassert ved Sognefjorden, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.
I tillegg er regionen kjend for sitt sterke organisasjonsliv med dugnadsarbeid og entusiasme. Eit variert næringsliv både innanfor industri, offentleg, kraft og teknologi gjer moglegheitene mange.
Vik og Sogn er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?
Stolte av produkta våre spør du?
- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.
Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Vik Ørsta!
Snart 80 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 80 år til. Minst!
Video: Nanseth Media
Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaea