Taxisjåfør Ingers Trans AS

Ingers Trans Stranda , Møre og Romsdal , Dalevegen 180 , 6200 , Møre og Romsdal Møre og Romsdal Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-31
Publisert:
2026-06-17

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

Vi søkjer taxisjåførar til Ingers Trans AS

Arbeidsgivar: Ingers Trans AS

Ingers Trans AS er eit transportselskap med fokus på trygg, presis og hyggeleg persontransport. Vi leverer både tur- og taxitenester, og har eit godt rykte for service og kvalitet.

Hva vi ser etter

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som likar å møte menneske og som trivst bak rattet. Du er trygg, roleg og serviceinnstilt, og set kunden i fokus. Som taxisjåfør hos oss er du ofte det første møtet kunden har med selskapet -- difor er det viktig at du er presis, høfleg og påliteleg.

Du bør vere fleksibel, ha evne til å løyse utfordringar på eiga hand og kunne handtere ein kvardag som kan variere frå rolege periodar til hektiske timar. Har du god lokalkunnskap er det eit pluss, men det viktigaste er at du har lyst til å gjere ein god jobb og gje passasjerane ei trygg og hyggeleg reise.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver

• Køyre persontransport i tråd med gjeldande lover og reglar

• Gje god service og ei trygg køyreoppleving for kundane

• Hald bilen rein og i god stand

• Nytt digitale løysingar for taksameter og rapportering

Kvalifikasjonar

  • Gyldig førarkort klasse B(gjerne også D1 minibuss)

  • Køyresetel for persontransport (eller moglegheit til å skaffe dette)

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

  • Serviceinnstilt, påliteleg og fleksibel

  • Kjennskap til nærområdet er ein fordel

Vi tilbyr

Vi tilbyr

• Eit triveleg arbeidsmiljø i eit solid transportselskap

• Fleksibel arbeidstid (dag, kveld, helg etter avtale)

• Konkurransedyktige vilkår

• Moglegheit for fast eller deltidsstilling

Datakilde: Data hentet fra NAV