Badevakt i Gol symjehall

Gol kommune Kulturavdelinga GOL , Buskerud , Gamlevegen 4 , 3550 Fast / Deltid
Søknadsfrist:
2026-08-23
Publisert:
2026-08-05

Omtrent én uke igjen

Om stillingen

Har du lyst på jobb som badevakt? Gol kommune søkjer badevakt til Gol symjehall frå september 2026 i ein 12% stilling. 

Gol symjehall er ein viktig møteplass for innbyggjarar og tilreisande frå heile Hallingdal. Kvart år har vi om lag 3 500 besøkande, mellom anna familiar, mosjonistar og andre badegjester. Anlegget har eit 25 x 12,5 meter stort basseng med fem banar, stupeanlegg og badstover. Det er alltid to tilsette på jobb når symjehallen er open.

Arbeidsoppgåver

  • Sal av billettar og kundeservice
  • Badevakt og tilsyn i symjehallen
  • Tilsyn med garderobar, dusjar og badstover
  • Bidra til eit trygt og triveleg miljø for alle besøkande

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som:

  • er ein trygg og dyktig symjar
  • er fylt 17 år
  • kan kommunisere godt på norsk
  • er ansvarsfull og serviceinnstilt

Opplæring i livberging vil bli gitt. Det er krav om at du består livbergingsprøva.

Arbeidstid
Arbeidstida er:

  • tysdagar og torsdagar kl. 17.00-21.00
  • i perioden oktober til april kjem det i tillegg laurdagsvakter kl. 11.00-15.00

Vi tilbyr

  • eit triveleg arbeidsmiljø
  • meiningsfulle arbeidsoppgåver med ansvar for tryggleik og service
  • opplæring og oppfølging i rolla som badevakt

Har du interesse for symjing og ønskjer ein variert deltidsjobb? Då vil vi gjerne høyre frå deg! ????


Link til søknadsskjema: Søk her
Datakilde: Data hentet fra NAV